{"product_id":"9788293471974","title":"Bjørnen Tor lagar ei gulrot","description":"\u003cp\u003eBjørnen Tor er ein liten teddybjørn med eit stort hjarte, som likar å oppleve noko nytt, ete gulrøter og synge. Han bur saman med mennesket sitt, på Vestlandet, nær fjell og fjordar.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eFleire barnebøker er skrivne om opplevingane hans, med flotte fotografi og rundt 1000 ord. Kvar bok inneheld ein song han laga i løpet av historia som blir fortalt.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eI forteljingane så bakar han, dyrkar grønsaker, fiskar, reiser, leikar, feirar jul, står på ski og er saman med vennar. Han får lov til å prøve nye ting og gjere sine eigne feil. Alltid med kjærleg rettleiing frå mennesket sitt, som bidreg med kreative svar og forklaringar på livet og det dei opplever.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eI denne boka møter vi Bjørnen Tor mens han er ute og plukkar løvetann. Plutseleg skjer det noko som gir han ein ide: Han vil lage ei gulrot! Heldigvis sier mennesket ”ja”, og snart kan han sette i gong. Han bygger gulrotseng, sår frø, og passar på plantane i mange veker. ”Gulrot-songen” blir til mens han held på, og den hjelper nok plantane til å vekse. I alle fall får han meir enn ei gulrot til slutt. \u003c\/p\u003e\u003cp\u003e\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eBarn i alle aldrar vil fryde seg over denne forteljinga om pågangsmot, undera i naturen og dei enkle gledene i livet.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e\u003c\/p\u003e","brand":"Lin-Marita Sandvik","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":47059625607408,"sku":"9788293471974","price":20.0,"currency_code":"USD","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0737\/7593\/9824\/files\/9788293471974_p0.jpg?v=1763725118","url":"https:\/\/shop-qa.barnesandnoble.com\/products\/9788293471974","provider":"Barnes \u0026 Noble (DEV)","version":"1.0","type":"link"}